Vi ynskjer gjestar velkomen til "Rongahuset", heimen vår i den vesle bygda Evanger, ei lita perle som ligg ved E16 mellom Voss og Bergen. Hjå oss kan du velgje anten eit av våre to private gjesterom, som delar eitt felles gjestebad, eller ei seng i ein felles sovesal med bad og eit lite kjøkken. Alle gjestar kan bruke kjøkkenet vårt, stover og andre fellesrom.
Huset vårt er ikkje luksuriøst, men er ein stor, komfortabel og rustikk familieheim. Når du overnatter hjå oss møter du ein aktiv britisk-norsk familie. Fem born i alderen 9-18 år bur her, og eg har òg to vaksne born som besøker oss frå tid til anna, så det er ofte liv og røre. Borna kan laga lyd, og dette er gjerne ikkje den beste staden å sove lenge om morgonen - sjølv om vi alle gjer vårt beste for å ta omsyn!
Borna mine er aktive og har mange interesser, og eg oppdrar dei til å vera sjølvstendige og å oppføre seg som folk, men dei kan frå tid til anna oppføre seg som born! Dei får lov til å styre sjølv kor mykje dei vil omgåast gjestane våre, og dei har sine rom og bad i ein annan del av huset enn gjesteromma. Borna synest ofte det er kjekt når vi har born som gjestar. Dei er tospråklege og snakker både engelsk og norsk.
Vi liker å ha gjestar, og du kan omgåast oss - eller ikkje - som du vil. Ynskjer du å trekkja deg tilbake og slappe av er det heilt i orden. Eg er på jobb på dagtid, og er ofte litt til og frå i samband med fritidsaktivitetar. Når eg er heime synes eg det er hyggeleg med ein prat, og eg anbefalar gjerne stader å besøke og ting å gjere i nærleiken.
Husholdninga er hovudsakeleg vegetarisk pluss fisk, sjølv om vi nokre gongar serverer kjøtt. Vi har piano, gitarer og andre instrument, og mange bøker. Gjestene kan bruke det meste av heimen, t.d. kjøkken og stover. Det er wifi i heile huset. TVen har Chromecast dersom ein vil streame, men ingen kanalar.
Frukost er inkludert i alle opphald hjå oss, og vi kan som oftast by på middag til kr 120 per person. For å finna restaurantar må ein til Voss eller Dale. Sovesalen har eit primitivt kjøkken der ein kan lage te, kaffi og enkle måltid. Vil du lage eigen middag er du velkommen til å bruke familien sitt kjøkken.
Det går som oftast fint å booke på kort varsel, men det er sjølvsagt lurt å bestille tidleg.
Covid-19
Vi har iverksett tiltak for å beskytta våre gjestar og oss sjølve, inkludert strenge reingjeringsrutinar, handspritdispensarar, måltid separat frå familien, og 24 timar opphald mellom reservasjonar. Eg tek for tida berre imot éin reisande eller éi gruppe reisande (2-6 senger) om gongen. Alle gjestar må overhalde nasjonale retningslinjer, inkludert karantenereglar og reiserestriksjonar. Dette er ikkje ein eigna stad for karanteneopphald.
I normale tider er det vanlegvis «workawayere» her, unge voluntører frå ulike land, og då er det som oftast nokon i huset på dagtid - og mange rundt middagsbordet - men no under pandemien er dette diverre ikkje mogeleg.
Oversikt over nabolaget
Evanger er ei lita bygd som ligg ein time med bil/tog frå Bergen og 15-20 minutt frå Voss. Bygda er stille og rolig, men togstasjon og bussholdeplassar ligg berre noen få minutters gange fra huset. Har du med bil, kan du parkere gratis i gata utanfor eller på parkeringsplassen bak huset. Evanger er eit utmerkt utgangspunkt for fotturar, rafting, klatring, fjellvandring og skigåing, fjordar, kajakkpadling, båtturar og fiske.
På Voss er det mykje aktivitet, sommar som vinter, og det er ein flott stad for å oppleva fotturar, ski, ekstremsport og musikk. Det vert årleg arrangert jazzfestival helga før påske, ekstremsportsfestival i juni, og folkemusikkfestival i slutten av oktober, i tillegg til idrettsarrangementer og konserter gjennom hele året. Bergen ligg innanfor rekkevidde for dagsturar, med bil eller kollektivt.
Kome seg rundt
Herifrå kan du besøke Gudvangen, Flåm, Voss, Bergen og andre stader i nærleiken med bil, tog og buss, eller ta ei rundreise med Noreg i eit Nøtteskal. Det tek nokre få minutt å gå frå huset til togstasjonen og bussholdeplassane, og det er ganske gode forbindelsar til Voss, Bergen og Oslo. Skal du til eller frå Flesland flyplass er det praktisk og effekivt å reise kollektivt ved å kombinere tog og bybane – bybanen har stopp på utsida av togstasjonen i Bergen og køyrer rett til Flesland.
Om vinteren korresponderar morgon- og ettermiddagstoga med gratis skibuss til Myrkdalen skisenter. Skal du til Voss Resort Bavallen kan du gå rett frå toget til Voss Gondol som tek deg med til toppen av Hangursfjellet. Alle skikorta til Voss Resort inkluderer gondolbillett.
Etter å ha gått Trolltunga kan ein komme seg til Evanger med bil, men ikkje kollektivt. Å starte herifrå for å gå Trolltunga anbefalast ikkje, då ein må reise ekstremt tidleg om morgonen for å starte fjellturen tidleg nok.
Parking
Kjæledyr velkomne
Halvpensjon
Trådløst bredbånd Internett
Parkering og fasiliteter
Parkering, Parkering på gaten, Felles hage, Felles lekeplass
Tjenester
Frokost inkludert, Klesvask er valgfritt
Regler
Godta kredittkort, Barn er hjertelig velkomne, Egnet for arrangementer, Kjæledyr er tillatt etter forhåndsgodkjenning, Røyking ikke tillatt, Uegnet for eldre eller bevegelseshemmede, Rullestol utilgjengelig
Underholdning
Kano kajakk
Funksjoner på stedet
innsjø, fjell, Elv, Landlig, Landsby
Godtar kredittkort
Barn velkomne
Kjæreldyr kun tillatt etter spesiell avtale
Røyking ikke tillatt
Passer ikke for eldre eller bevegelseshemmede
Ikke tilrettelagt for rullestol
Ankomst: 05:00 PM
Avgang: 10:00 AM