(+47) 93044506

Bestill nå

Ei perle mellom Bergen og Voss

Evanger er ei vakker, lita bygd som ligg berre éin time med bil / tog frå Bergen og 20 minutter fra Voss! Sentrum ligg der elva Vosso renn ut i Evangervatnet, omgjeve av fjell og flott natur. Innan gangavstand er det butikk og kafé, verkstadar og andre verksemder, turstier, og starten på Den grøne sløyfa, ein spektakulær tur med sykkel eller bil.

Evanger har ei rik historie, og den gamle gata og husa her utgjer eit verna kulturminneområde. I sentrum er det reist eit monument til minne om Knute Nelson, den vesle guten som vart fødd i fattigdom i Evanger og utvandra til Amerika saman med mor si, og til slutt vart lovgjever og senator. Han står som eit symbol på kampen og skjebnen til nokre av dei fattige som utvandra frå Norge på 1800-tallet.

Herifrå er det lett å komme seg til Gudvangen, Flåm, Voss, Bergen og andre stader i nærleiken, med bil, tog og buss; du kan òg ta ei av rundreisene til Noreg i eit nøtteskal eller ta ei liknande rundreise på eigenhand. Det er gratis parkering utenfor huset.

Både Evanger stasjon og bussholdeplassar ligg eit steinkast frå huset, med gode forbindelser til Voss, Bergen og Oslo. Om vinteren korresponderar morgon- og ettermiddagstoga med gratis skyttelbuss til de to viktigste skianlegga i Bavallen og Myrkdalen.

Abonner på nyhetsbrevet vårt

©2025 Rongahuset Innehar alle rettigheter - Drevet avLodgify