Vi serverer enkel mat, ofte med fisk, og nokre gongar med kjøt. Vi har alltid noko vegetarisk på menyen, og så langt råd er bruker vi råvarer som har sesong, og er økologiske og kortreiste. Kaffen vår er økologisk og nymalt, og maten vi serverer er for det meste heimelaga frå grunnen av. Vi har søndagsope mykje av året, og nesten kvar dag om sommaren.
Prøv deilig bjørkesaft med smak av fjella, eller den beste økologiske isen frå Alm Gard!
jan-20. jun / 20 aug - november
Laurdag 20-01
Sundag 12-18
20. juni - 20 aug.:
Laurdag 20-01
Torsdag-Sundag 12-18
Frå desember til påske held vi meir eller mindre stengt.