Rongahuset Bnb & Café
(+47) 93044506
Som gjest hjå oss bur du i eit rustikt hus med ei lang historie. Vi leiger ut rom i overetasjen, og gjestane våre bur her saman med oss. Vi legg til rette for at du som gjest kan omgås familien så mykje eller så lite som du ynskjer.
Gjesteetasjen vår er for tida under oppussing. Frå sommaren 2022 vil alle gjesteromma ha tilgang til felles kjøkken, stove og terrasse i same etasje som romma. Vi ynskjer samstundes at gjestar framleis nyttar familien sine musikkrom og stover når det fell naturleg. Etter oppussinga kjem vi til å ha fire gjesterom:
Det kvite rommet: Eit litt større rom med ei dobbeltseng som kan gjerast om til to enkle senger, pluss 1-2 enkle/uttrekkssenger, og privat bad.
Det grøne rommet: Eit stille rom med dobbeltseng og privat bad, men utan utsikt.
Kinarommet: Eit lite rom med dobbeltseng. Felles bad på gangen.
Traveller-rommet: Eit familierom med ei dobbeltseng som kan gjerast om til to enkle senger, pluss køyesenger. Felles bad på gangen.
Alle reservasjonar inkluderer frukost, oppredd seng og handkle, medan middag kjem utanom. Det er mogeleg å bruke gjestekjøkkenet eller familiekjøkkenet dersom ein vil laga eigen mat. Det er godt trådlaust internett i heile huset. Vi ynskjer ikkje festing og uro hjå oss.
Uansett kva for rom de bur på, er de velkomne til å:
Har de med born, har vi leiker og lego. Om ynskjeleg finn vi fram ei grindseng og sikrer trappa.
Huset vårt er gammalt og sjarmerande; det knirker og ber preg av historie og mange år med levd liv. Vi er veldig glade i det, men det er ikkje luksuriøst, og det er under stadig utbetring.
Når du bur hjå oss møter du ein aktiv britisk-norsk familie. Det bur fleire born i huset, i alderen 10-20 år. Her kan vera mykje aktivitet, og borna kan lage lyd, sjølv om dei er flinke til å ta omsyn. Dei har bad og soverom i ein eigen del av huset, og får lov til å styra sjølve kor mykje dei omgåast gjestane våre.
I familien er vi alle tospråklege, og snakkar norsk og engelsk. Eg snakkar dessutan fransk og noko arabisk.
Evanger
Evanger er ei vakker, lita bygd som ligg berre éin time med bil / tog frå Bergen og 20 minutter fra Voss! Evanger sentrum ligg der elva Vosso renn ut i Evangervatnet, omgjeve av fjell og flott natur.
Det er ei lita badevik berre to minutt frå huset, og vi har 2-3 kajakkar som det er mogeleg å låna når vêret tilseier at det er trygt. Frå Evanger er det kort veg med tog eller bil til skisentra på Voss, og til mange andre aktivitetar både innandørs og utandørs.
Covid-19
Vi har iverksett tiltak for å beskytta gjestene våre og oss sjølve, som strenge reingjeringsrutiner, håndspritdispensere, frukost skild frå familien, og berre éin reservasjon med felles bad om gangen.
Send gjerne ei melding dersom du ikkje får bestilt datoane du treng i systemet, og dersom du treng to rom eller meir enn fire senger. Alle gjestar må fylgje nasjonale retningslinjer, inkludert karanteneregler og reiserestriksjonar. Det er ikkje mogeleg å vera i karantene hjå oss.
Har du spørsmål kan du klikka på den gule snakkebobla nede til høgre - vi svarar deg så fort vi kan!